
VEDTEKTENE FOR KYRKJEGARDANE I SKJÅK
Kyrkjegardsvedtektene gjeld kyrkjegardane Skjåk og Nordberg i Skjåk prestegjeld, og er gjeve i medhald av
|
Lov om gravplasser kremasjon og gravferd Gravplasslova
|
LOV-2020-04-24-31 fra 01.01.2021, LOV-2020-06-23-97 frå 30.12.2020
KAPITTEL I – KYRKJEGARD.
§ 1.
Kyrkjegarden er ifølgje Gravplasslova lagt under Skjåk kyrkjelege Fellesråd sin administrasjon og styringsområde.
Kyrkjeverje er ansvarleg for den daglege drift og at lover og vedtekter vert fylgt.
Kyrkjegardane skal haldast i hevd og forvaltast med den orden og verdigheit som deira eigenart tilseier. Besøkande skal så vidt mogleg ferdast gåande. Røyking er forbode på kyrkjegarden.
§ 2.
Kyrkjeverje – eller den kyrkjeverje gjev mynde – er på vegne av Skjåk kyrkjelege Fellesråd ansvarleg for utstikking av grav. Kyrkjeverje registrerer alle opplysningar ved gravferda, utsteder festebrev, innkrevje festeavgift, styrer gravfond og godkjenner gravminner.
KAPITTEL II – GRAVER
§ 3.
Alle som bur i soknet har rett til fri grav i fredingstida. Skjåk kyrkjelege Fellesråd kan gje samtykke til at personar utan bustad i soknet kan bli gravlagd mot å betale dei avgifter og kostnader som til ei kvar tid er fastsett for utanbygdes gravferd. I desse tilfelle vert det kravd festeavgift frå fyrste dag, og dekninga av utgifter i samband med gravferda. Same regelverk gjeld for urne.
§ 4.
Fredingstida for ei grav er 30 år ved Nordberg kyrkjegard, og 50 år ved Skjåk kyrkjegard. Fredingstida for nedsett urne og dødfødde er 20 år ved båe kyrkjegardane.
Festaren har plikt til å halde grava i hevd.
Er grava hulde i hevd, og det ikkje vanskeleg gjer ein forsvarleg drift av kyrkjegarden, skal den som er ansvarleg for grava bli gjeve moglegheit for å feste grava når fredingstida er gått ut. Festetida sin lengde er 3 år, og det skal bli betalt vedteken avgift for å feste grava. Berre ein person har rett til å feste ei grav
Kyrkjeleg fellesråd skal utstede festebrev og registrere dette i gravregisteret.
Når det er gått 80 år sidan siste gravlegging kan ikkje feste fornyast, utan godkjenning frå Skjåk kyrkjelege Fellesråd.
Urne kan bli sett ned i kistegrav sjølv om fredingstida etter fyrste ledd ikkje er gått ut. Ny frigravperiode reknast frå siste gravlegging. Urne kan ikkje bli kravd nedsett i vinterhalvåret.
§ 5.
Ved dødsfall kan ein feste grav/graver ved sida av den avlidne. Det kan ikkje bli festa meir enn 6 graver, som ein gravstad, utan særskilt løyve frå Skjåk kyrkjelege Fellesråd.
Grav/graver som vert festa/reservert/e skal det betalast vedteken avgift for frå fyrste dag.
Festaren har rett til å bestemme kven som skal gravleggjast i grava, og står ansvarleg for gravminne.
Døyr festaren, skal dødsbuet gje kyrkjeverje skriftleg beskjed om kven festet skal overførast til, med personnummer og adresse.
§ 6.
Gravminne skal vera godkjent av Skjåk kyrkjelege Fellesråd før dei vert oppsett. Vedtekne søknadsskjema skal nyttast.
Til gravminne skal det nyttast materiale som er varig og lite vedlikehaldskrevjande. Gravminne er pårørande sin eigendom og ansvar.
Eit gravminne skal ikkje vera høgare enn 150 cm. For einskild-graver ikkje breiare enn 85 cm., for dobbeltgraver ikkje breiare enn 90 cm. Ståande gravminne skal vera festa til fundament med to rustfrie minst 15 cm lange boltar. Reglane om maksimumsmål og fundamentering skal gjelde tilsvarande for gravminne av naturstein.
Gravminne kan ikkje setjast opp utan at kyrkjeverje eller ein som er gjeve fullmakt gjev fullmakt til er til stades og tilviser plassering og kontrollerer fundamenteringa. Fundamentet skal ha form og storleik som hindrar at gravminnet kan velta, og skal i botnen ha ei anleggsflate som er minimum det doble av anleggsflata på gravmonumentet. Fundamentet skal ikkje gå over bakken. Volum og vekt vert avgrensa til 0,2 kbm. Og 300 kg.
Skrift og dekor på gravminne skal vera i relieff eller forsinka.
Gravminnets form, tekst, dekor og symbolbruk skal vera sømeleg og passe inn i heilskapen på kyrkjegarden. Fargar er ikkje tillate på skrift eller dekor. Dersom gravminne kjem i forfall, og er til sjenanse på kyrkjegarden, skal eigaren varslast med pålegg om å rette på dette. Dersom pålegget ikkje er etterkome innan ein rimeleg frist, kan gravminnet leggjast ned og eventuelt teke bort.
§ 7.
Gravene skal jamnast i høgd med bakken og såast til .Det skal ikkje vera noko form for innramming av ei grav eller gravfeste. Plantefelt på gravene skal ikkje gå ut over breidda på gravminnet, og ikkje gå lenger fram enn 60 cm mælt frå baksida av monumenta.
Så langt midlar frå minnegåver ved gravferder ( Blomefondet ) strekk til , får pårørande planter til gravene ein gong i året.
§ 8.
Skjåk kyrkjelege fellesråd kan, i samråd med eigaren dersom han finst, gjera vedtak om at graver og gravminne skal takast vare på. I så fall overtek Fellesrådet ansvar for stell og vedlikehald.
§ 9.
Likkister som ikkje fyller rimelege krav til styrke, til å vera tette, nedbrytbare
( eigna til kremering), til utvendige mål og sømeleg utsjånad, kan nektast brukte. Det er ikkje høve til å nytte plast eller anna uforgjengeleg materiale til svøp i kister.
Spesialkister som er nytta ved lengre transport, kan berre gravsetjast mot at grava får dobbel fredingstid. Oskeurner skal vera av material som vert nedbrote Urner kan setjast ned berre når kyrkjeverja eller den som er gjeve fullmakt til er til stades. Oskeurner skal setjast så djupt at det er 0,5 m jord over øvste kanten.
§ 10.
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ikkje ansvarlege for skader på graver og gravminne ved naturhendingar, hærverk, tjuveri og liknande Dei er heller ikkje ansvarlege for skader som kan oppstå på graver i nærleiken ved arbeid med ei grav med mindre det er utvist uaktsamt åtferd frå dei tilsette på kyrkjegarden. Av omsyn til mogleg skader eller fare under arbeid kan dei tilsette på kyrkjegarden flytte eller legge ned gravminne i nærleiken av ei grav som skal takast opp eller att kastast.
§ 11.
Kyrkjeportane skal til vanleg vera attlatne. Kyrkjegardsfreden må ikkje uroast ved leik eller anna ståk. Sykling er forbode, og hundar må ikkje takast med på kyrkjegarden.
Etter stell på gravene må alt avfall fjernast og leggjast på tilvist plass. Vatningskanner og annan reiskap som høyrer til på kyrkjegarden, skal setjast på plass etter bruk.
Vinter dekorasjonar på gravene skal eigaren syte for vert rydda vekk seinast 1. mai. Dersom serskild julepynt ikkje er teken vekk av eigaren, kan kyrkjegardsarbeidarane utan varsle fjerne den etter 20. januar.
All bruk av ljos og open ild er forbode.
Flagg på gravene 17. mai skal takast ned att om kvelden.
Bruk av plastpynt er ikkje ynskjeleg.
Alle som har graver, plikter å rette seg etter pålegg frå kyrkjeverja og kyrkjetenaren/gravaren.
Vedtektene er godkjente av Skjåk kyrkjelege fellesråd sak.16/21 29.april 2021
Med atterhald om godkjenning i Hamar Bispedømmeråd