Ordningar og seremoniar knytt til død og gravferd i Skjåk


Ordningar og seremoniar knytt til død og gravferd i Skjåk 

 

  Ordningar

    og

 seremoniar

           knytt til           

død og gravferd

i

Skjåk

 

 

Det er godt at noko er kjent og trygt når vi møter død og sorg. Mange praktiske ting skal ordnast. Frå fleir tiår attende var det familie og grannelag ,som tok mykje av det praktiske ansvaret. I dag er det annleis.
Kyrkja og andre instansar(Gravferdsbyrå ) vil kvar på sine måtar yte si støtte og hjelp når nokon møter død og sorg. Ved dødsfall kan ein ta kontakt med kyrkjeverje/kyrkjekontoret på tlf. 948 62 267

Gravstad
Hjå kyrkjeverje får ein hjelp med å bestemme gravstad. Kyrkjeverje i Skjåk er Arnborg Teigum og er å treffe på kyrkjekontoret i Bismo, som er ope kvar dag kl.10.00-14.00
Før ein vel gravstad ,bør ein undersøkje om familien alt har festa gravstad eller har ei grav som kan nyttast oppatt. Normalt kan ein nytte opp att graver som er eldre enn 30 år på Nordberg kyrkjegard og 50 år på Skjåk kyrkjegard På ei kistegrav er det plass til 4 urner og kvar av desse har ei omløpstid på 20 år .Urne kan setjast ned i kistegrav, før fredingstida på kistegrav er ute.

Alle som er busette(folkeregistrerte) i Skjåk kommune har rett til fri grav på kyrkjegarden. Er det behov for ny grav, vil kyrkjeverje vise til kva plass som er aktuell. Skal ein reservere plass ved sida av den avdøde, vert det kravd betaling for dette. Pr.2022 er dette kr.180,- pr år

Eigne satsar for utansokns.

Spørsmål om kremasjon, kan dette  avklarast med kyrkjeverje eller om du nyttar gravferdsbyrå.

Pr.2022 er avgift til kremasjon kr.5500,- + kr.350,- i fraktkostnader

I tillegg kjem køyring av kiste, som har ein eigendel på kr.2600,-resten vert dekka av Nav

Gravferd i kyrkja

Som pårørande kan ein sjølv ordne med dei praktiske tinga knytte til ei gravferd. Kyrkjekontoret der du bur ,vil kunne gje deg svar på spørsmål om dette.

Ein kan òg ta kontakt med gravferdsbyrå for å få hjelp der. Byrået gjev hjelp med alle slags praktiske ting rundt gravferda.

Her i Skjåk ,har vi sterke tradisjonar i høve gravferd .Det som er mest vanleg i dag er at kiste vert trilla inn i kyrkja(Skjåk) og i Nordberg vert kiste køyrd frå bårehuset til kyrkje ,den dagen gravferda skal gå føre seg. Før var det meir vanleg at kiste kunne stå i kyrkja siste natta.

Gravferda har ein minnedel og ein forkynnande del. Vi minnast den som er død, og vi høyrer Guds ord til tru og trøyst for oss i liv og død.
I minnedelen skal dei som har stått den døde nær, få høve til å kome fram med si takk og seie farvel. Det har etter kvart vorte meir vanleg at familien skriv og framføre tala sjølve, eller at ein kan få presten eller ein annan til å bere det fram.

Når det gjeld pålegging av blomar /kransar er det formålstenleg at det vert gjeve beskjed om dette på førehand, om kven som skal leggje på. Dette for at ein kan ha ei trygg og verdig gjennomføring av denne delen av gravferda. Beskjed kan gjevast til  prest/ kyrkjetenar/byrå, slik at det vert teke inn i seremonien.

Det er 6 som skal vere med å bera kiste og her i Skjåk er det vanleg med to til å bere ljos framfor kiste. Ein kan velje om ein vil ha levande ljos eller batteriljos.

Viss det er kistegravlegging, så vert kista senka med tau, etter jordpåkasting ved grava .Ved bisetting vert jordpåkastinga gjort inne i kyrkja og kista vert boren ut i bårebilen eller bore ut på grava der urna skal setjast ned seinare ,likeins gjer ein med blomar og kransar  Da vert kiste sett inn i bårebil etter at gravfølgje har reist frå kyrkjegarden.

Det er og mykje brukt at pårørande har gran/einer i og ved kyrkjeporten .

Det er og fint, viss pårørande tek eit val om at blomar, kransar skal fylgje kista ned eller ligge att oppå. Likeins, viss dei skal ligge att ,om sløyfene skal takast bort same dag som gravlegging går føre seg.

Tekst og salmar
I  gravferdsliturgien er det ope for eit breitt  utval av bibelske tekster der ein kan velje mellom fleire alternativ. Som pårørande kan du altså sjølv vere med og bestemme kva bibeltekster som skal lesast i gravferda. På denne måten kan ein ta meir vare på særpreget ved kvar gravferd og leggje til rette for meir kommunikasjon med dei sørgjande i planlegginga av gravferda. Det er ein  fordel at det er kontakt mellom pårørande og prest tidleg i planlegginga
Til vanleg vert det nytta tre salmar i gravferda. I tillegg syng ein to salmar på grava (eventuelt éin salme som ein deler i to). Det er òg høve til å ha song-/musikkinnslag i kyrkja. Dette kjem oftast heilt i starten av gravferda og/eller ved slutten av kransepålegginga og minnedelen.

Under siste salme inne ,så står gravfølgje, etter at dei som skal bera ljos og kiste har kome fram
PS! Salmar og songar/musikkinnslag skal godkjennast av presten/organisten som har ansvaret for gravferda.

Om ein ikkje vil trykke opp salmar til gravferda, kan ein  nytte salmebøkene som finst i kyrkja eller ei bok Salmar ved gravferd som er i kyrkja 

Syning/båreandakt
Frå gamalt av har det vore vanleg å samlast like etter dødsfallet og sjå den døde. Vi kjenner dette i vår tid under omgrepet båreandakt eller syning.
Det kan vere både godt og ilt og sjå den døde, men det kan vere ein viktig del av sorgprosessen for mange. Av erfaring, så er det ein stor del av pårørande ved eit dødsfall, som ikkje har sett nokon som er død. Og ser for seg at dette kan vere ei skremmande oppleving.
Ein kan ha ei slik samling, som ei privat samling berre for den næraste familien, eller ein kan gjere det kjent for familie, vener og andre ein trur vil vere med. Det kan skje heime, på sjukehuset, på sjukeheimen, i kyrkja, på gravferdsbyrået eller andre stader. Presten kan òg ta del om ein ynskjer det. Ein kan som pårørande sjølv ta hand om dette eller ein kan få hjelp frå gravferdsbyrået /kyrkja sine tilsette ,til å organisere det.

Minnesamværet
Minnesamværet  kan vere ein viktig del av sorgprosessen. Slike samvær vert gjennomførte på ulike måtar. Nokre har ei privat samling for familien og dei aller næraste, i heimen eller andre stader. Andre bed inn alle som har høve til å kome i eit minnesamvær etter gravferda i eit eigna lokale. Mange gjev uttrykk for at det er godt å vere saman i sorga og dele minna.

Sorgarbeid
Tida etter ein har hatt eit dødsfall , kan vere ei tung og krevjande tid. Det er når ein skal ta attende kvardagen ,at ein får kjenne på ein reaksjon ,på kva ein har misst. Sorg er ingen sjukdom ,men den beste hjelpa kan ofte vere familie, vener, grannar og dei du er på arbeid i lag med, viss ein er yrkesaktiv.

Når det har gått ei tid kan ein likevel kjenne på eit sterkt behov for å prate med nokon andre om det som har hendt, og bearbeide tapet ein står i. Kom gjerne innom eller ta kontakt med prest eller andre på kyrkjekontoret for ein prat .

Kremasjon

Ved kremasjon vert kista med den døde frakta til Gjøvik krematorium for brenning, like etter gravferdsseremonien. Blomane som ligg på kista vert ikkje brende. Ei kalksteinsbrikke med namn på den døde vert lagt oppå kista slik at oska vert sikkert identifisert. Oska vert samla i ei urne (av lett nedbrytbart materiale) og sendt til kyrkjeverja på gravstaden, eller pårørande kan hente ut denne sjølv. Urne må setjast ned innan 6 månader etter dødsfallet

Gravminne
Prisar på gravminne (gravsteinar) variera mykje etter storleik og utføring. Gamle gravminne kan sjølvsagt brukast oppatt, eventuelt etter ei behandling/oppussing . Ein måte å nytte eksisterande gravminne er å snu gravminne ,så eksisterande namn kjem på baksida og sist gravlagde kjem på framsida,

Det er  god tid etter gravferda til å ta avgjerd om dette. Noko fleire diverre får ei oppleving av, er at etter ei gravferd ,vert ein kontakta av mange som vil selje gravminne. Noko som kan verke påtrengjande i ei sårbar tid.

Ved kistebegavelse skal avdøde være gravlagt innan 10 vyrkedagar frå dødsdato. Etter ca.1-2 veker etter gravferda, vil kyrkjetenar ta bort visne blomar frå gravstaden.

Fyrste året vert det stadig senkingar i jordsmonnet, og kyrkjetenar vil fylle på meir jord på gravstaden .Det vert tilsådd etter kvart, dette er avhengig av kva for tid på året det er.

Nedsetjing av urne skal skje innan 6 månader frå dødsdato. Dette kan skje i stillheit utan at nokon av dei  pårørande er tilstades eller ved ei enkel urnenedsetjing  der pårørande set ned urne samen med kyrkjeverje/ kyrkjetenar. Prest kan og vere med, viss det er eit ønskje.

Minnelund er noko som Skjåk kyrkjelege fellesråd er i startgropa av, med planlegging

Festar sitt ansvar:

Gravminne er festars ansvar. Viss dette vert ståande skakt ,vert skada eller dett overende, er det pårørande sitt ansvar å få ordna opp i det .Gravminnet til ei grav skal ikkje være høgare enn 150 cm, ikkje breiare enn 85 cm, og ikkje tjukkare enn 60 cm .Fundamentet skal ha ei form og ein storleik som gjer at ikkje  at gravminnet kan veltast. Gravminnet skal også boltast til fundamentet med 2 syrefaste boltar med ein dimensjon på minimum 12 mm tjukkelse, og 15 cm lengde.

Gravminne skal ikkje setjast opp mellom graver, når t.d.nytt namn skal skrivast på, skal ikkje gravminne flyttast.

Når ein gravplass skal slettast, må gravplassmynde ha ei skriftleg  stadfesting frå festar om dette. Det er festar som er ansvarleg for eventuelle kostnader for ei slik sletting og fjerning av gravminne .

Det er ikkje plikt til å setje opp gravminne

Spørsmål om klede og gjenstandar i kista

Frå tid til anna er det spørsmål om kva som kan nyttast av klede og kva som kan leggjast ned av gjenstandar i kista i samband med gravlegging eller kremasjon.

Spørsmål om dette kjem både frå etterlatne, gravferdsbyrå, prestar og tilsette ved institusjonar.

Nedlegging av avdøde i kista

Som oftast er det eit gravferdsbyrå som legg den døde i kista. Ved nokre høve og på nokre stader blir dette gjort av helsepersonell, til dømes ved institusjonar som sjukehus, aldersheimar og liknande. Dei etterlatne vil og kunne ha ønskje om å vere tilstades ved nedlegginga av den døde i kista, og ved mange høve er dette aktuelt. I samband med ønskje om kva den døde skal ha på seg i kista og eventuelle gjenstandar som blir lagt ned i kista, er det viktig å ta nødvendige omsyn til nedbryting, tryggleik og miljøvern. Dette vil også gjelde for pacemaker eller tilsvarande implantat, og desse må vere fjerna før kremasjonen.

Klede:

Dersom det er eit ønskje om å kle avdøde i eigne klede, skal desse kunne brytast ned i jorda innan fredingstida som gjeld for gravplassen. Bomullsklede vil som regel brytast ned i jorda. Nylonklede vil ikkje late seg bryte ned så lett. Dette gjeld også for klede av ull, slik som til dømes bunadar. Dersom det er usikkert om kleda let seg bryte ned, bør ein syte for at kleda er opne i ryggen. Dette er viktig for nedbrytinga i jorda. Dei fleste stoff produkt vil brenne i kremasjonsomnen utan å sleppe ut skadelege gassar.

Gjenstandar som blir lagt ned i kista

Gjenstandar som medfører risiko for eksplosjon eller medfører anna fare må ikkje leggjast ned i ei kiste som skal bli kremert. Dette vil mellom anna gjelde for alkohol, ammunisjon, batteri, brennbare væsker, glas og kolfiber (kan finnast i golfkøller).

Også gjenstandar som blir lagt ned i ei kiste som skal gravleggast, må kunne brytast ned i jorda innan fredingstida for gravplassen. Her må ein vise skjøn. Dette vil særleg vere aktuelt når barn ønskjer å leggje ned gjenstandar i kista, som til dømes bamsar/kosedyr, fotballar, verktøy, myntar, mobiltelefonar eller liknande. Viss is det er mogeleg, bør gjenstandar som ikkje let seg bryte ned takast ut før gravlegginga.

Gravferdsbyråa veit som regel om det har blitt lagt ned slike gjenstandar og må då informere dei etterlatne om at gjenstandane vil bli teke ut av kista.

Etter gravferda:

På fyrste messe i soknet vert den som har gått bort, minna i kyrkja med at det vert tent eit ljos og namnet lese opp .Den som syter for gravferda får ei melding frå kyrkjekontoret kva for messe dette skal vere på.

Helgemesse:

Helgemesse eller Allehelgensdag (fyrste sundag i november)vert alle avdøde siste året minna, tent ljos for  og det vert lagt ei kvit rose i døypefonten for kvar einskild Denne er det høve til å ta med ved messe slutt. Det er messe i båe kyrkjene, ei  kl.18.00 og ei kl.20.00.

Blomefond:

Ordninga med blomefond i Skjåk og Nordberg har tradisjon attende til starten på 1950.Dette fungera slik at det er høve til å gje ei minnegåve ved alle gravferder i bygda. Midlar på Blomefonda vert nytta slik ,at alle som har graver får dekka kr.75 til kvart gravminne, ved henting av blomar i Skjåk Gartneri eller på plantedugnad på Nordberg kyrkjegard

Elles så får den som er ansvarleg for ei gravferd, som bur i Skjåk ei blomehelsing til jul, det året dei har misst nokon .Bur ein lengre unna, vert det sendt ei julehelsing pr.post.

Elles så er det Skjåk kyrkjelege fellesråd som har mynde til vedtak om korleis midla vert nytta, innafor vedtektene til Nordberg blomefond og Skjåk blomefond

Du kan gje gåver ved å nytte: vipps 14 15 47

Skjåk blomefond eller konto 2085 64.32409

vipps 14 15 43  Nordberg blomefond eller konto

 2085 64 37400

Merk kva som skal stå på lista, eller du er velkomen innom på kyrkjekontoret :kort eller kontant.

Ved spørsmål kontakt:

Kyrkjekontoret i Skjåk

948 62 267 / 909 56 437/  971 61 560

kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no

Sokneprest Kåre Gloslie 970 35 967

 kaare.gloslie@skjaak.kommune.no

www.skjaak.kyrkja.no

 

Anna informasjon kan du finne her:

Statlige elektroniske blankettar:

Informasjon om kvar  du finn elektroniske blankettar, m.a. begjæring om gravlegging og/eller kremasjon.

Elektroniske blanketter finner du i basen Statlig blankettarkiv

Her finn du skjema :

  • Krav om gravlegging og/eller kremasjon (V-0916N-nynorsk)
  • Rettleiing og utdrag av gravferdslova (nynorsk)
  • Søknad om godkjenning av gravminne (V-0877 bokmål og nynorsk)

 

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/veiledning-vedrorende-saker-om-spredning/id710990/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilbake