BARNEKLANG


Barneklang 

BARNEKLANGEN

Har du lyst til å syngje i kor? Då kan Barneklangen vera noko for deg.

Vi syng kjende songar, men prøver óg å lære oss nye.

Etter kvart kan vi opptre i kyrkjene, på Helseheimen, Friviljugsentralen og andre stader der dei vil høyre fin sang.

Vi øver anna kvar veke og neste øving er tysdag 11. oktober kl 15.00 på Kyrkjelydshuset i Lom. Vi startar med ein matbit, etterpå syng vi til kl 16.00.

Aldersgrense er frå 1. klasse og oppover.

Tilbodet er ein del av trusopplæringa i Lom og Skjåk kyrkje.

 

Påmelding til:

Randi Glimsdal Bakke

rglimsdal@gmail.com                                

913 63 856

 

Reidar Svare

reidar.svare@gmail.com

900 32 601

Tilbake