Kyrkja i Skjåk starta året 2026 med å be inn til ein stemningsfull
konsert i ord og tonar i Nordberg kyrkje
Medverkande
Orgel :Vemund Olav Aukrust
Eigne dikt: Finn Sandum
Song/gitar:Ole Jonny Bekkemellom
Lyd:Lars Bakke
Var ei flott oppleving, der repertoaret hadde eit stort spenn mellom eigne dikt frå Finn Sandum,
fleir tonesette av Ole Jonny Bekkemellom,som framførde dei på meisterleg vis .Han hadde og mange innslag av Elvis melodiar.Ei framifrå tolkning av Gamal Maria vise saman med Vemund Olav Aukrust,er eit sterkt minne. Konserten var godt krydra med ymse episodar frå dagleg livet.
Og sjeldan har vel orgelet i Nordberg kyrkje virkeleg fått kome så til sin rett ,under traktering av hender og
føtene til Vemund Olav Aukrust
Takk til dykk alle medverkande og takk til dykk som kom.
