Votivtavler i Lom og Skjåk


Votivtavler i Lom og Skjåk


3.desember kl.19.00 Skjåk kyrkje 

 

Visuelle bøner – votivtavlene i Lom stavkyrkje og Skjåk kyrkje

Lom stavkyrkje og Skjåk kyrkje har ei heilt unik samling votivtavler. Over ein tredel av dei bevarte votivtavlene i Noreg finst nettopp her. Dette gjer kyrkjene til dei viktigaste vitnemåla om votivtradisjonen i landet, ein tradisjon som levde fram til omkring 1800.

Votivtavlene var eit uttrykk for vanlege menneske si tru, håp og takksemd. Denne kvelden kjem vi tettare på menneska og historiene bak dei fascinerande måleria: Kven gav tavlene til kyrkja, og kva var bakgrunnen for gåvene?

Medverkande er Elisabeth Andersen, kunsthistorikar ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Ragnhild Bø, førsteamanuensis ved Det teologiske fakultet og Kulturhistorisk museum, og Alte Brandsar, rådgjevar ved Statsarkivet i Stavanger.

Vel møtt til ein spanande kveld om tru, kunst og menneskelagnader i Gudbrandsdalen si kulturhistorie.

Tilbake